Stay Signed In
Do you want to access your site more quickly on this computer? Check this box, and your username and password will be remembered for two weeks. Click logout to turn this off.
Stay Safe
Do not check this box if you are using a public computer. You don't want anyone seeing your personal info or messing with your site.
Folka mine. Enkelt og greitt. Forklarelsane mine, på alle, er altfor dårlege til å vise kor glad eg er i dei. Enkelt og greitt.
Mari Ann
Eg kan ikkje eingong byrje å forklare kor glad eg er i henne her. Eg gjekk i klasse med henne i 10 år, og me har vore venar ganske lenge. Ho står for det ho meinar, og gir seg ikkje. UANSETT.
Gjennom tida eg har kjent henne har ho hatt mange perioder, mange gode og mange ikkje så gode. Men om eg skal tenkje tilbake på vennskapet vårt er det utan tvil positive ting eg kjem på. Sjølvsagt har der vore negative ting og, men ein må alltid tenkje på det positive.
<3
Lene
Lene mi. Denne jenta er heilt ufatteleg genial. Ho har alltid noko å seie, og prøver alltid å hjelpe andre. Når ho engasjerar seg i noko så engasjerer ho seg VERKELEG i det og. Her er ikkje noko halvvegs.
Om du har eitt problem med denne jenta så burde du kanskje undersøkje om det er noko gale med deg. Fantastisk jente, utan like
<3
Hilde Renate
GLADASTE JENTA PÅ JORD! Og eg tullar ikkje. Gladaste og galnaste, kanskje? Neida. Eg berre tullar. Ho vert hyper KJEMPELETT. Heilt sjukt, nesten. Tilde Nate er min emovenn. :D Me er verdast beste emo-team. Eg vert glad av å snakke med henne :D
<3
Toril.
Ah, Toril. Den mest geniale bergensaren på jord. Eg kan vel seie at eg på ein måte er avhengig av henne. Eg er nemleg det. På ein måte. Eg er NØDT til å snakke til henne. Eg skal besøke henne i sommar, og eg gler meg så grenselaust. Sjølv om det er litt skummelt og. Fantastisk morosam person. Det er umogleg å ikkje verte glad når ein snakkar med henne, rett og slett. EmoToril *mobbe*
<3
Pam
Pam er ein av dei mest geniale personane på jord. Eg er ordentleg glad i henne! Ho har ein fantastisk fantasi, og skriver utruleg bra. Eg er rett og slett stolt av å kjenne henne. Ikkje klem Pam, då er du død.
<3
Svanhild.
Stjert. Eg kan ikkje fatte at eg har vorte så glad i ein person eg har kjent så kort tid. Fantastisk makartalent. SINNSJUKT flink. Også er ho drittkul. Og mamman hennar er også kul, faktisk. Det er ikkje ofte. Svanhild og Helle har ganske lik smak i bøker, filmar, musikk...nja, det meste eigentleg.
<3
Marit
Verdens største Jarsteinfan.
Marit er sinnsjukt kul! Ho er gøy å snakke med i telefonen, sjølv om misforståingar oppstår. "Vent litt, ej ska berre sei nåke te broren min." er framleis ikkje det same som "Ej må hente broren min i barnehagen" XD
Kvar gong ho ringer så svarer eg med "WÆÆ!". Marit seier at det ikkje er så lurt, forstår eigentleg ikkje heilt kvifor. Eg seier berre at før var Marit redd for telefonen, så snakka ho med meg, så var ho ikkje redd for telefonen meir (kanskje ho fann ut at ho heller burde vere redd for det i andre enden?XD).
Eg er i alle fall kjempeglad i Marit. Ho er kjempemorosam, har alltid noko å seie, og har ei flott personlegheit.
<3