Stay Signed In
Do you want to access your site more quickly on this computer? Check this box, and your username and password will be remembered for two weeks. Click logout to turn this off.
Stay Safe
Do not check this box if you are using a public computer. You don't want anyone seeing your personal info or messing with your site.
Hei.
Eg er skaparen av denne sida, og mitt namn er Helle. Eg er også kjent som Helé, Gelé, Heln (tusen takk til dama på bowlingen for DEN), Lykketrollet, Lucky Wolf, Hylle, Janey, Jane og ein heil del andre ting. Huh? Var det rare kallenamn tykte du? Kanskje eg skal forklare grunnen til dei då. Dei fyrste seier seg sjølv, trur eg. Lykketrollet spelar på fyrste delen av namnet mitt "Hell", "hell og lykke". Tusen takk til MARIANNE for det. Lucky Wolf spelar på namnet mitt det og. Som sagt, hell og lykke. Lucky. Etternamnet mitt byrjar på Ulv. Altså Wolf. Tusen takk til ODIN for det. Hylle kjem av syskenbarnet til Toril, som sa "Eg trodde don het Hylle og kom fra Snørremøre eg", om meg. Takk til BIRTE, altså. Janey og Jane har eg sjølv stått for, då eg laga meg ein rollespelkarakter som heitte nettopp det. Janey Isabell Johnson, som kallar seg Jane.
Puh, mykje å tenkje over?
Eg har veldig mange sider, ting eg likar og ting eg ikkje likar med meg sjølv. Som alle andre, vel?
For å byrje med noko eg likar: Eg står for det eg meiner. Dei som kjenner meg veit at å byrje å diskutere med meg ikkje er så lurt, alltid. Eg er personleg kristen, og det er noko eg er stolt av. Mange seier at det er heilt idiotisk, eller at det er ei fase eg kjem til å komme over, men sorry til dei; de tek nok feil.
Eg kan vere EKSTREMT irriterande. Det kan vel dei fleste skrive under på. Eg er eigentleg ganskje skjenert, samma søren kva folk seier. Eg tørr ikkje snakke med framande, men prøver å vere så lite skjenert som mogleg. Eg er redd for telefonen når den ringer, fordi eg ikkje likar å snakke i telefon.
Eg er også LIVREDD for høgder, klovnar og edderkoppar.